Kviknes Hotel

Det er noko med stemninga på Kviknes. Ho gjer noko med deg. Skuldrane senkar seg. Du finn alltid noko vakkert å kvile augo på. Anten det er menneskeskapt som sjølve det majestetiske trehotellet, den innramma nasjonalromantikken, eller sjølve originalen naturen, fjorden, fjella og den stadig skiftande himmelen. Alt dette er med på å skape den perfekte ramma kring kurset/konferansen. Me skreddarsyr gjerne pakkar som inkluderer aktivitetar og transport.

Veibeskrivelse