Kviknes Hotel
Det er noko med stemninga på Kviknes. Ho gjer noko med deg. Skuldrane senkar seg. Du finn alltid noko vakkert å kvile augo på. Anten det er menneskeskapt som sjølve det majestetiske trehotellet, den innramma nasjonalromantikken, eller sjølve originalen naturen, fjorden, fjella og den stadig skiftande himmelen. Alt dette er med på å skape den perfekte ramma kring kurset/konferansen. Me skreddarsyr gjerne pakkar som inkluderer aktivitetar og transport.
Event, arrangement og selskap
Me har alt som skal til for at selskap og samkomer av ulikt slag skal bli ei minnerik oppleving. Fleire av lokala er spesialinnreia for å kunne fungere best mogeleg for små eller store samankomster - av formelt eller uformelt slag. Ramma rundt arrangementet og den spesielle atmosfæren får du på kjøpet. Du kan rusle gjennom salongane og nyte godt av det den kunstinteresserte og internasjonale hotellfamilien har samla gjennom generasjonar eller nyte naturen, fjell og fjord frå ein godstol i hotellhagen.
Restaurant og bar
Fryd for auge og gane.
Det er ikkje nok med flott utsikt og atmosfære. Maten er og ein del av opphaldet, og ved Kviknes vert det lagt vekt på sanselege opplevingar som skal gje gode minner for livet. Kjøkenet er internsajonalt, både når det gjeld dei tilsette og matrettane. I spisesalen serverer me ein rikhaldig buffèt. Kjøkensjefen baserer gourmetmenyen på dei ferskaste råvarene, med fjorden som eit ypparleg matkammer. Frå vår velrenomerte vinkjellar finn du alltid vinar som er med på å gjere måltidet uforgløymeleg. Vinliste finn du på www.kviknes.no
Beliggenhet
Balestrand ligg lagleg til midt i Sogn, og er ein perfekt base for utflukter i alle retningar Astruptunet, Jostedalsbreen, Fjærland med bokbyen og bremuseèt, Urnes Stavkyrkje og Nerøyfjorden for å nemne nokre. Dei to siste attraksjonane er på verdsarvlista til UNESCO.
Nærområdet kan by på alt frå lette stiar gjennom skogkleddelier til meir krevjande turar opp bratte fjellsider. Kulturløypa i Balestrand krev ingen god fysikk. I sentrum finn du mellom anna statuen av kong Bele, St. Olafs Church og særprega villaer med tårn og svalgangar.
Vil du prøve fiskelukka er det fullt mogeleg. Sognefjorden ligg åpen for bruk. Du kan også studere naturen over fjordoverflata ein tur innom Sognefjord Akvarium som ligg ved kaien er populært for gjester i alle aldrar.
Forespørselskjema
Din henvendelse er en forespørsel. Kviknes Hotel svarer deg innen kort tid.