Stord Hotell

Stord Hotell

Kjøtteinsvegen 67, Stord

Enten du planlegg eit personleg møte for 2, eller ein stor konferanse for 340 deltakarar, så er Stord Hotell staden for ditt neste møte. Uansett kva type kurs eller konferanse som skal arrangerast, finn me ei god løysing. Me har lang erfaring med ulike typar arrangement, og hjelper med planlegginga både før og under arrangementet. Våre fleksible møterom har gode planløysningar og er utstyrt med alle naudsynte tekniske fasilitetar. Våre dyktige og venlege tilsette vil vere tilgjengeleg for bistand under heile opphaldet.

Hos oss er alt tilrettelagt for ei profesjonell gjennomføring!

Kapasitet

Stord Hotell har 309 senger fordelt på 161 rom. Romma har varierande storleik og standard. Alle rom har flislagde bad, skrivebord med arbeidslys, TV, telefon, hårfønar, trådlaust internett. Me har kurs- og konferansefasilitetar med kapasitet frå to til 340 deltakarar. I vår restaurant har me kapasitet til 200 personar, i tillegg har me fleire flotte selskapslokale som høver til både små og store hendingar.

Fasiliteter

Av fasilitetar har me innandørs svømmebasseng, sauna, solarium for avslapping og vårt nye treningsrom er tilgjengeleg for alle våre gjester. Er det behov for eit "friminutt" foreslår me gjerne vår hyggelege lobbybar og Bonaparte Pianobar med levande musikk alle dagar med unntak av søndagar. Me har eit stort parkeringsanlegg bak hotellet der det er gratis å parkere. Me tilbyr og gratis trådlaust internett til alle våre gjestar.

Aktiviteter

Aktivitetar gir inspirasjon, skjerpar fokus og gir sosialt samhald mellom kollegaer. Stord har mykje å by på, og me hjelper gjerne med å skreddarsy aktivitetar som høver for di gruppe.

På hotellet kan me freiste med cognac- eller vinsmaking i vår koselege vinkjellar. Så spør oss gjerne om hjelp om de ynskjer å gje konferansen eller møtet litt ekstra krydder med morosame aktivitetar.

Event, arrangement og selskap

Enten det skal arrangerast ein jubileumsfest eller eit anna storslått bedriftsarrangement, har Stord Hotell fleire selskapslokale med eigenart å tilby. Kva med å prøve vårt selskapslokale i 9. etasje, med tilgong til stor terrasse og fantastisk utsikt over Sunnhordlandsbassenget? Eller vårt nyrenoverte selskapslokale i 1. etasje med design frå Olav Eldøy? Saman finn me eit lokale som høver for ditt arrangement!

Restaurant og bar

Gode matopplevingar er viktige for hotellet og me er stolte av å servera deg mat som hovudsakleg er basert på råvarer frå vår region. Våre dyktige kokkar nyttar seg av sesongens råvarer når dei er på sitt beste, og legg si stoltheit i å gi deg spanande og gode smaksopplevingar - både til kvardag og fest. I restauranten er det plass til 200 gjester og me tek imot både små og store grupper som ynskjer å ete hos oss.

Lobbybaren er den naturlege møtestaden på Stord Hotell, og her kan du møte vener og kollegaer for å slappe av med noko godt å drikke. På kveldstid er det god stemning i Bonaparte Pianobar og mange trekker inn her for å fortsetje praten når pianisten startar opp med stemningsfull musikk.

Konferansekapasitet

Grupperom
4
Kino
340
Klasse
280
U-bord
28
Styrebord
20
Bankett
220
Stående mingel
350
Spiseplasser
200

Hotellkapasitet

161
Hotellrom
309
Sengeplasser

Fasiliteter

24-timers resepsjon
Bar
Lobbybar
Parkering
Restaurant
Svømmebasseng
Treningsfasilliteter
Wifi

Aktiviteter

Bowling
Båttur
Golf
Golfsimulator
Grillaften
SPA
Teambuilding
Vinsmaking

Beliggenhet

Stord Hotell ligg i Leirvik på Stord, ca. 700 m frå hurtigbåtterminalen/Kystbussen og ca. 20 min. køyring frå flyplassen på Sørstokken. Det er enkelt å komme seg til Stord både med fly, bil, ferje, hurtigbåt og buss.

Bergen - Stord
Hurtigbåt: 1 time 30 min.
Bil/buss: 2 timar 30 min.

Haugesund - Stord
Bil/buss: 45 min.

Stavanger - Stord
Bil/buss: 2 timar 30 min.

Oslo - Stord
Fly 45 min.

Flyplass
11km
Golfbane
1.5km
Badestrand
1.5km